
Titanic
Me veit alle kva som skjedde med Titanic i 1912. Skipet køyrte på eit isfjell og sokk til botn i det iskalde Atlanterhavet. Nær 1500 personar omkom og berre 700 overlevde. Vraket ligg på 3800 meter djupne.
Denne filmatiseringa frå 1953 har ein fordel av at det er ein av dei kortaste. Mesteparten av filmen handlar om personane om bord og samtalane deira. Sjølve ulykka er over på kort tid. I samanlikning med Titanic frå 1997 er dette som å blunke, så er det over.
Det blir ikkje den store spenninga, noko eg forventar av ein film som denne kor eg veit kva som skal skje. Det skal vere litt som ein skrekkfilm, der du ventar på å bli skremt, eller synest det er ubehageleg.
Forutan å nemne av skodespelarane gjer ein god jobb, så har eg ikkje så mykje meir å seie om Titanic.
Familiedramaet har langt større verdi i omtalen på The Rush Journals (drush76.wordpress.com). Der blir Barbara Stanwyck og Clifton Webb rosa for å gjere ekteskapskonflikten både fascinerande og rørande. Det er ein annan måte å nærme seg denne versjonen på enn forventinga mi om ubehag og spenning før katastrofen. Eg kan slutte meg til at skodespelarane gjer ein god jobb, men samtalane om bord gir meg ikkje den sterke opplevinga eg saknar.
