
Titanica
Dokumentarfilmen Titanica viste heilt nye bilde av skipsvraket til Titanic då han kom i 1995. I lag med arkivfoto tar denne filmen for seg heile historia om Titanic og prøver å bli ei komplett, men kortfatta innføring i skipet og tragedien i løpet av ein og ein halv time.
Det er nettopp bilda av vraket som er den store greia. Resten er ei kurant forteljing, men det å sjå eit over 80 år gammalt vrak på 3800 meters djupne i sånn detalj er ei oppleving.
Roger Ebert ønsker seg endå meir av vraket på RogerEbert.com (rogerebert.com). Han er imponert over kor nært og tydeleg kameraet kjem, men blir lei av praten rundt ekspedisjonen. Det er lett å forstå frå mitt utgangspunkt. Historia gir ein bakgrunn, men det er synet av skipet der nede som gjer denne dokumentaren verdt å sjå for meg.
Det er godt mogleg det finst betre dokumentarar om historia til skipet, og kanskje også med betre bilde. James Cameron filma ein del i 1995 i samband med spelefilmen Titanic frå 1997. Hans foto og Titanica har ingen samanheng.
Men for ein som stort sett var interessert i å sjå bilde av vraket er dette heilt greitt.
