Hopp til hovedinnhold
Plakat for Trois couleurs : Blanc (1994)

Trois couleurs : Blanc

Film
4

Den andre franske filmen i Trois couleurs-trilogien går for det meste føre seg i Polen, og har ein polsk mann i hovudrolla. Og når regissøren i tillegg framleis er polsk, så er det eigentleg ikkje så mykje å halde igjen på til å kalle det ein fransk film.

Mannen i hovudrolla, Karol (Zbigniew Zamachowski), er i utgangspunktet i Frankrike, der han er nyskilt frå den franske kona si Dominique (Julie Delpy) fordi han ikkje har klart å tilfredsstille ho etter dei gifta seg. Ute på gata, utan pengar og pass, møter han ein polsk mann som hjelper han tilbake til Polen, der han set i gang med ein plan for å få Dominique tilbake.

Analyse driv eg vanlegvis ikkje med, og kvit er ein farge som ikkje har så tydeleg meining som blå for min del. Men les eg litt rundt omkring så dukkar ord som håpefull, reinheit, ekstase og uskuld opp. Dette stemmer for så vidt med dei inntrykka eg fekk i filmen, så skal ikkje gå så mykje vidare innpå det. Elles blir scener der kvitfargen er utheva vel brukt og for så vidt. Musikken er ikkje like kraftfull som i Trois couleurs : Bleu, men spelar også ei viktig rolle her.

Samanlikninga med Bleu tek ei litt anna retning på From the Moon to the Grail (1001movieman.blogspot.com). Skribenten meiner Blanc legg meir vekt på handlinga og mindre på å bygge ei bestemt stemning, og finn større glede i den meir framoverretta forteljinga. Det er ein nyttig forskjell å ta med seg. Eg merkar særleg at musikken ikkje verkar like kraftfullt, sjølv om både han og fargebruken framleis har ein viktig plass.

Filmen heiter Three Colors: White på engelsk.