Hopp til hovedinnhold
Plakat for Trois couleurs : Rouge (1994)

Trois couleurs : Rouge

Film
4

Kva har den gamle dama som prøver å putte ei flaske i returcontainaren her å gjere? Kvifor er det berre i denne filmen ho får hjelp?

Siste film i Trois couleurs-trilogien er den med varmast stemning av fargane. Og Valentine er også den mest omtenksame av dei tre hovudpersonane i trilogien. Skal eg velja ut min favoritt står valet mellom denne og Trois couleurs : Bleu. Trois couleurs : Bleu er hakket betre, men Trois couleurs: Rouge stikk definitivt av med beste slutt.

Slutten får også stor ros på My Cinema today (mycinematoday.blogspot.com). Skribenten meiner måten filmen knyter trilogien saman på er briljant, sjølv om han også sit att med spørsmål om samanhengane. Det er ei god påminning om at ikkje alt treng å vere ferdig sortert når filmen sluttar. Eg set framleis Bleu ørlite høgare, men avslutninga her gir Rouge noko som verkeleg blir verande.

Valentine er modell, får seg ein ny venn, er uvitande omringa av forhold som ikkje går så bra. Desse andre personane sine roller i filmen krev litt å få med seg skikkeleg, dei er veldig like. Den nye vennen til Valentine er tidlegare rettsdommar, tjuvlyttar på andre sine trådlause telefonsignal, har ein hund som får kvelpar, og drikk pærebrandy.

Den engelske tittelen på filmen er Three Colors: Red.