Hopp til hovedinnhold
Plakat for Vertigo (1958)

Vertigo

Film
3

Eg hadde forventa fleire høgder, men er likevel ikkje skuffa over filmen. Det var ei fin oppleving, litt uvant tempo med tanke på filmane i dag, men ikkje kjedeleg. Historia er spesiell nok til å få meg til å tenke innimellom, og av og til nesten litt ekkel. Ikkje på grunn av høgdene, men på grunn av enkelte av personane i nokon rare situasjonar.

Tom Cottey på Reflections (reflectionsonfilm.wordpress.com) finn noko særleg skremmande i korleis James Stewart viser ein tilsynelatande vanleg mann i oppløysing. Han rosar også bileta, men meiner filmen blir for lang. Eg opplever det rolege tempoet annleis. Det er ikkje høgdene åleine som gjer inntrykk, men den merkelege åtferda og dei ubehagelege situasjonane. Spenninga kan ligge i å sjå noko utvikle seg, også når sjølve framgangsmåten ikkje verkar heilt truverdig.

Som det med bilde i galleriet, det minna meg om eit bilde eg så i Brødrene Dal og Spektralsteinene når eg var yngre. Filmen er også spennande, spesielt i scenene der Scottie følger etter Madeleine. Det er så enkelt, og så rart ho aldri ser han i dei openlyse etterfølgingane, men likevel spennande. Så er det kameraarbeidet. Filmen er ein fryd å sjå på, og bildet har også fått ei god oppussing. Det kom sikkert godt med, sidan filmen er nesten 50 år gammal.