Hopp til hovedinnhold
Plakat for Welcome to the Dollhouse (1996)

Welcome to the Dollhouse

Film
3

Skeptisk til kva Todd Solondz skulle by på denne gongen gav eg meg i gang med filmskaparen sin andre film, eit drama og komedie frå 1995.

Todd Solondz har det med å ta opp seriøse tema som ofte involverer barn, rare folk eller seksualitet, eller alle tinga samla. Welcome to the Dollhouse handlar om utskotet Dawn (Heather Matarazzo) som nettopp har starta på junior high school. Verken familie, lærarar eller medelevar ser ut til å bry seg særleg om henne. Det hjelp heller ikkje at ho er eit godt stykke i frå å vere pen. Mangel på det eg kan kalle ekte kontakt hjelp ikkje når ho er i byrjinga av fasen for å skape sin eigen identitet.

Greia med både Happiness og Palindromes, dei to andre filmane til Todd Solondz som eg har sett dei siste par åra, er at dei klarer å skape eit ubehag i måten tema blir utforska på. Slik regissøren sikkert vil. Denne filmen går i same retninga, men går heldigvis ikkje så langt. Han blir liggande nærare rar enn ubehageleg. Ei lette, ettersom eg synest dei andre filmane gjekk litt langt.

James Berardinelli på ReelViews (reelviews.net) finn filmen sterkast i dei kvardagslege audmjukingane. Han meiner dei større hendingane mot slutten gjer det vanskelegare å kjenne seg igjen. Eg er mest letta over at ubehaget ikkje går like langt som i dei andre filmane eg har sett av Todd Solondz. Likevel er det nettopp den nære skulekvardagen som gir historia noko å ta tak i.