Hopp til hovedinnhold
Plakat for Witness for the Prosecution (1957)

Witness for the Prosecution

Film
4

Det er vanskeleg å ikkje like Billy Wilder, med gode filmar som Some Like It Hot og The Apartment.

Witness for the Procecution er ingen unntak og glir lett inn i varmen som ein av dei verkeleg gode, gamle rettssakfilmane. Det er den andre slike filmen eg ser i år.

Charles Laughton er eit namn eg for alvor har blir oppmerksam på no. Han er ein mann som gjer den briljante advokaten Wilfrid Robarts. Komikken rundt helsa hans er berre ein av fleire ting som gir filmen ekstra dimensjoner og får han til å utmerke seg. Basert på Agatha Christie gir også enkelte forventingar til oppbygginga.

Den barske sjarmen til Charles Laughton står også sentralt på The Flick Chick (flickchickcanada.blogspot.com). Omtalen meiner han er like fengjande når han argumenterer i retten som når han kranglar med sjukepleiaren, og at mysteriet toler gjensyn sjølv når me kjenner løysinga. Det seier noko om kva filmen har utover overraskingane. Ein så levande advokat gir både komikken og rettssaka eit tyngdepunkt det er ei glede å følge.