Hopp til hovedinnhold
Plakat for World Trade Center (2006)

World Trade Center

Film
3

Det blir ingen langt innlegg om denne filmen. Folk veit kva film det er og kva han handlar om. Sjølv hadde eg låge forventingar til filmen. Det prega nok måten eg så han på. For meg kom han aldri over middels på skalaen, men drog heller ut i lengde. På ei anna side var han ikkje kjedeleg heller.

Eg klarte ikkje vere objektiv og heller ikkje å unngå ei samanlikning med United 93. United 93 var ei gledeleg overrasking når eg så han. World Trade Center fekk derimot aldri fram nokon kjensler i meg. Eg blei berre sittande å ta innover meg alt saman utan å føle meg engasjert eller ukomfortabel.

Scott Mendelson på Mendelson’s Memos (scottalanmendelson.blogspot.com) finn også lite som grip, men trekker fram opninga som eit sterkt unntak. Han meiner filmen seinare blir for avhengig av velkjende melodramatiske grep, særleg i scenene med familiane. Eg er ikkje like hard i dommen over gjennomføringa. Likevel kjenner eg att hovudproblemet. Ei alvorleg hending og eit ønske om å røre publikum er ikkje nok til at kjenslene faktisk kjem.

Kva Oliver Stone prøver på i filmen er eg usikker på, han klarar iallfall ikkje å gjere det til eit stort drama. Om han berre skal gi ei vanleg skildring av noko som har skjedd, så klarar han det greitt nok.