
Wrong
Quentin Dupieux har laga ein rar film som heiter Wrong. Filmen er ikkje så spesiell som Rubber. Rubber handlar om eit dekk som drep folk, mens Wrong handlar om ein mann som mistar hunden sin.
Det rare med Wrong er alt som skjer rundt hovudpersonen Dolph (Jack Plotnick), men som blir tatt for gitt som normalt. Som at det regnar innandørs og at naboen ikkje klarar å snakke om at han joggar.
Det er dette som gjer Wrong sjåverdig. Å kunne oppleve ei enkel historie bli fortalt med og forbi tilsynelatande usaklege verkemiddel. Men verkemiddel som er morosame, til forundring og til ettertanke.
Gregory J. Smalley på 366 Weird Movies (366weirdmovies.com) meiner omsorga for den sakna hunden gir filmen eit ekte haldepunkt. Utan den kunne alt det rare blitt ei vilkårleg rekke sketsjar. Det er ein nyttig måte å sjå blandinga på. Eg har mest glede av dei underlege påfunna, men den enkle jakta på hunden gir meg noko å følge gjennom dei.
