Hopp til hovedinnhold
Omslag for Topp 5: Rollar spelt av James Van Der Beek

Topp 5: Rollar spelt av James Van Der Beek

James Van Der Beek er ein skodespelar eg har følgt lenge. Etter mange timar med den same personen på skjermen får han gjerne noko med seg inn i neste rolle. Eg kjenner igjen ansiktet, og har med meg forventingar til kva slags person eg skal møte.

Det gjer det ekstra interessant når han brukar desse forventingane til noko. Han kan vere den alvorlege ungdommen med mykje å tenke på, men også spele på kor tåpeleg og sjølvopptatt eit menneske kan bli. Særleg sjølvironien gir han noko å gå på.

Eg har ikkje vore like begeistra for alt han har vore med i. Ein interessant rollefigur kan likevel vere ein grunn til å halde fram, sjølv når resten er nokså middels. Her er fem roller frå filmar og seriar eg har sett.