Hopp til hovedinnhold
Plakat for 10 Things I Hate About You (2009)

10 Things I Hate About You

Serie
3

Serien 10 Things I Hate About You er basert på filmen 10 Things I Hate About You frå 1999.

Eg er passe stor fan av filmen. Med tanke på sjangeren er han midt i blinken for min del. Og det var på grunn av filmen at eg i det heile merka meg serien.

Forutan ein gjengangar er det berre nye skodespelarar i serien til samanlikning med filmen. Lindsey Shaw hadde ei sentral rolle i Aliens in America, men dette er hennar første hovudrolle.

Serien er passe humoristisk og eit friskt pust. Det er nok mest ein serie for dei yngre, i større grad enn eg hugsar at filmen var. Og serien er passe uskuldig i sine forsøk på å vere tøff.

Den tidlege vurderinga på Just About Every TV Show (ax20.wordpress.com) peikar også mot eit yngre publikum. Skribenten meiner serien fungerer best som si eiga underhaldning, med gode replikkar og interessante personar, framfor som noko som skal måle seg med filmen. Det er ei fornuftig innstilling. For meg var filmen grunnen til å sjå, men den uskuldige humoren i serien har sin eigen vesle verdi.