Hopp til hovedinnhold
Plakat for Alias (2001)

Alias

Serie
4

Alias vekka ikkje interessa hjå meg før no nyleg. Eit bilde av Jennifer Garner i fargerike parykkar som slengte seg rundt i vaierar og snappa opp antikke objekt vekte aldri interessa hjå meg, men så var det stort sett ikkje meir eg visste om serien. Sett bort frå at J.J. Abrams står bak serien. Mannen bak Lost og det ferske science fiction på Fox i haust, Fringe, var ein av grunnane til at eg til slutt valde å finne ut kva Alias eigentleg dreia seg om.

Jennifer Garner spelar hovudrolla Sydney Bristow, ved sidan av å vere litteraturstudent har ho jobb som agent i SD6, ein jobb som ho i sju år har trudd er del av CIA. Så ein dag finn ho ut sanninga og bestemmer seg for å kontakte det ekte CIA. For å hoppe eit par minutt fram i tid endar Sydney opp som dobbeltagent for CIA i SD6. Alt dette skjer naturleg nok i første episode.

Då eg byrja på serien, såg eg for meg nye oppdrag som blei bygde opp og avslutta i kvar episode. Slik er heldigvis ikkje Alias. Nettopp oppbygginga gjer at eg stadig får lyst til å sjå vidare. Enkelte episodar kan innehalde opp til tre spennande sekvensar eller oppdrag, ein avsluttande bit frå førre episode (som da har blitt avslutta med ein solid klippehenger), etterfølgd av eit oppdrag midt i episoden og ein del av eit siste mot slutten.

Dette er likevel ingen rutine, serien har andre karakterar med eigne historier som kan få lengre bitar enn vanleg av episodane viss det skjer mykje spennande der. Tempoet er høgt og nettopp denne balanserte fokuseringa på det mest spennande er med på å gi serien inntrykk av å respektere sjåaren sitt drag mot løysingar framfor å halde oss på tå i det uendelege.

Trådar som kryssar kvarandre og går over fleire episodar, følger eit mønster J.J. Abrams har gjort meir utspekulert i den seinare serien sin, Lost. Seriane er ulike nok til at det blir vanskeleg, om mogleg, å vurdere kva serie som gjer det best. Mysterium finst i begge. Alias handlar om agentar, internasjonale dekkoperasjonar og høgteknologiske dingsar. Serien har også ein større tråd knytt til ein 500 år gammal oppfinnar med profetiar. Dei fleste etterretningsbyråa i verda vil vite meir om han.

Kort sagt byr Alias på langt meir enn forventa. Det eg forventa var at serien skulle få ei oppbygging lik det meste innanfor detektimen, det som blir servert er spennande sprell av agentar og litt mystikk, strukturert litt som Lost, utan dei altfor mange usvara spørsmåla.

Klippehengarane og den samanhengande forteljinga er òg noko Rissi JC trekker fram i omtalen av første sesong på RissiWrites (rissiwrites.com). Ho opplever serien meir som ein lang film enn som ei rekke lausrivne oppdrag. Det er nettopp noko av det eg likar med oppbygginga. Spenninga tek ikkje slutt med episoden, og privatlivet og arbeidet held fram med å gripe inn i kvarandre.