Hopp til hovedinnhold
Plakat for Better Off Ted (2009)

Better Off Ted

Serie
3

Eg brukte nokre kveldar på å sjå Better Off Ted. Ein serie krev meir av tida di enn ein film. Derfor gir eg plass til nokre ord om han.

Dette er ein komedie, som blir sendt i USA på nettverket ABC. Typen er enkeltkamera og ingen publikum. Lengda på 22 minuttar gjer det lett å sette seg ned med ein eller fleire episodar. Krava mine var derfor ikkje skyhøge.

Me følger ei gruppe tilsette i ei avdeling av det oppdikta selskapet Veridian, som driv med forsking og utvikling av nye produkt. Miljøet er litt som i 30 Rock, du har ei hovudrolle i ei sjefsstilling, som har orden over fleire andre tilsette, og må svare til ein noko spesiell sjef. Men i motsetnad til 30 Rock, så manglar Better Off Ted det smarte manuset.

Synet mitt omkring serien er at han manglar det som skal til for å sende han i toppen, men over ein gjennomsnittleg komedie er han. Det kan ikkje skyvast under ein stol at det er seriøst mykje drit som dukkar opp kvart år. Har du gått tom for dei beste seriane, er Better Off Ted ein trygg stoppestad på vegen vidare. Men sjå for all del 30 Rock først om du ikkje allereie har sett han.

Manuset får meir ros av James Lynch på The Armchair Critic (thearmchaircritic.blogspot.com). I den tidlege omtalen sin finn han replikkane skarpe og morosame, og meiner serien leverer jamt med latter, sjølv om romansen ikkje interesserer han like mykje. Eg er meir atterhalden. Det er absolutt noko å more seg over i Veridian, men eg finn ikkje heilt det smarte manuset som skulle fått meg til å sette serien blant dei beste.