
Hung
Ray Drecker (Thomas Jane) er lærar og fattig. Han treng ei ekstrainntekt og blir prostituert, den einaste som sære Tanya Skagle (Jane Adams) er pimp for.
Dette er tre sesongar med Hung oppsummert i eit avsnitt. Serien siktar ikkje høgt, og bommar sjeldan. Det er lite god handling, meir humor og endå meir knulling. Det er HBO sitt svar på Californication.
Like lite som serien handlar om har eg å seie om han. I byrjinga følgde eg Hung fordi det var artig. Andre og tredje sesong følgde eg fordi Hung er ein kort serie. Kvar sesong er på ti episodar under halvtimen lange. Terskelen er sopass låg med tanke på å slå i hel ein kveld, ein gong i året.
Viss det høyrest ut som Hung er ein langdryg serie utan lyse sider, så er ikkje det et heilt korrekt bilde. Hung er ei grei tidtrøyte, berre utan særleg substans. Tredje sesong er nok mest prega av dette, og trekk ned totalen.
Will Harris opplevde faktisk ei fornying eit stykke ut i tredje sesong på Bullz-Eye Blog (blog.bullz-eye.com). Etter ein svakare andre sesong synest han rivaliseringa rundt Ray gir serien meir komisk liv. Eg hadde ikkje den same oppturen. Dei korte episodane heldt terskelen låg, men for meg vart det stadig tydelegare kor lite serien hadde å bygge vidare på.
