Hopp til hovedinnhold
Plakat for Inside Man (2022)

Inside Man

Serie
2

Inside Man er laga av same mannen som laga serien Sherlock. Og kanskje nettopp difor skuffa han litt ekstra.

Fire episodar med ofte stilleståande handling kunne heller ha blitt redigert saman til ein middelmåtig film enn ein kjedeleg serie.

Inside Man har nokre kvalitetar. Interessant karaktarer, eit hendingsforløp som appelerer til nysgjerrigheita, litt humor og nokre seriøse tema som fint underbygger alvoret.

Men samansetninga av desse delene treff ikkje meg. Noko skjer, eg forsår poenget, men blir nøydd til å vente lenge før handlinga går vidare. Det kunne ha fungert i mange andre seriar, men måten Inside Man er sett saman på gir ikkje rom for slikt. Det er ikkje særleg stemningsbygging, eller andre grep frå thrillersjangeren, så då opplever eg det heller som fyll av tid.

Mano Singham på Freethought Blogs (freethoughtblogs.com) finn òg interessante karakterar og replikkar, men blir irritert over at misforståingar får vekse når ein enkel samtale kunne ha løyst dei. Eg reagerer mest på ventinga, medan han saknar truverdige val. Begge innvendingane peikar mot same problem. Gode enkeltdelar er ikkje nok når måten handlinga blir driven fram på ikkje overtyder.

Og med det har eg eigentleg brukt nok tid på denne serien.