
Mr. Bean: The Animated Series
Mr. Bean: The Animated Series er den animerte versjonen av Mr. Bean. Teiknefilmformatet opnar dørene for meir ekstreme situasjonar, og Mr. Bean er den same sprø karakteren som alltid.
Men det blir ikkje så spissfindig som den menneskelege utgåva. Ettersom eg er mest kjent med han, så blir det til at den teikna varianten manglar koplinga til det ekte som gjer det absurde i Mr. Bean både hysterisk og litt skremmande.
Avstanden til røynda blir òg eit problem for Francis Rizzo III på DVD Talk (dvdtalk.com). Når han vurderer dei to første DVD-voluma av den animerte serien, meiner han at Mr. Bean sine ekstreme løysingar mistar noko av krafta fordi ein teiknefilmfigur kan gjere nesten kva som helst. Det er ei god forklaring på mi eiga innvending. Det rare blir mindre overraskande når verda rundt Mr. Bean òg kan tøye alle grenser.
Episodane er korte og på elleve minuttar kvar, og eg har sett dei som svarar til dei første to sesongane av serien.
