Hopp til hovedinnhold
Plakat for Step Up (2018)

Step Up

Serie
3

Step Up er ein lett ungdomsserie som går i vante spor når det kjem til ungdomsseriar. Her er det stukturelle likskaper med andre tenåringsseriar frå dei siste to–tre tiåra. Noko som gjer Step Up midt i blinken som eit avbrekk.

Serien som opprinnlegge kom på YouTube, er sett til det same oppdikta universet som Step Up-filmane. Om du ikkje er kjent med dei, så er det ei rekke dansefilmar som byrja med Channing Tatum og Jenna Dewan i 2006. I ettertid kom det ikkje mindre enn fire oppfølgarar.

Med serien er formatet nytt, med hovedinnhaldet er likevel det same. Det er dansing som står sentralt. Livet til nokre ungdommar i Atlanta blir sett i søkelyset, og deira tilknytning til kunstskulen High Water. Mens det innleiingsvis handlar mykje om det å komme inn på skulen, og å gå på skulen, så tek serien etter kvar ei vending mot det å danse for ei stor musikalsk stjerne. High Water er uansett staden det skjer.

For bak High Water står Sage Odem, ei superstjerne i musikkverda. Han blir spelt av artisten Ne-Yo, og planlegg i serien nokre greier som han treng dansarar til. Det er først i andre sesong at dette blir altoppslukande for tida til serien, men grunnlaget blir lagt i første sesong.

Eg såg dei to første sesongane i 2021. Med unntak av nokre små justeringar på skodespelarfronten, så går dei to sesongane omtrent i eit. Så det fall meg ikkje inn å skulle dele oppsummeringa av dei i to. Då serien ikkje legg lista for originalt drama så høgt, så held serien seg stabilt med tanke på det mellommenneskelege på tvers av sesongane.

Det når ikkje opp til dei altoppslukande tenåringsseriane eg såg for mange år sidan, som Dawson's Creek, One Tree Hill og The O.C. Kanskje er samanlikninga også urettferdig. Step Up er nok litt vaksnare i tonen, men like full enkelt strukturert og styrt av nokre personproblem som verkar meir obligatorisk å gå innom enn godt oppbygd med manuset.

No når heile den tredje sesongen var fullført, og låg klar til å bli sett, sette eg i gong. Men etter ein og ein halv episode i den tredje sesongen er det nok for meg. Det held rett og slett ikkje mål lenger. Det er blitt ei irriterande dårleg samansetting av stagnasjon og roping.

Rangeringa landar, basert på dei to første sesongane, på ein solid plass midt på treet. Det er god underhalding, og omtrent akkurat som forventa. Eg skulle håpe å bli meir gripe eller rørt når noko alvorleg skjer. Men eg tykker filmen treff fint på noko av humoren i det minste. Og dansinga som er hovudårsaka til å sjå han, treff han godt på. Men gi deg etter andre sesong.

Dansinga er òg det Ariba Bhuvad framhevar mest i omtalen av første sesong på TV and City (tvandcity.com). Ho meiner historia kan verke forhasta og lite truverdig, men blir likevel engasjert av ungdommane som prøver å nå draumane sine. Der er ho nok meir inspirert enn eg blei. Me er samde om at det er dansen som gir serien den viktigaste grunnen til å bli sett.