
Young Rock
Young Rock er ein lett og humørfylt serie som skildrar livet til Dwayne Johnson i tre ulike fasar: Som barn, tenåring og ung vaksen. Alt fortalt med glimt i auga av den vaksne Dwayne Johnson sjølv. Serien miksar oppdikta element med biografiske trekk, og har ei leiken form som gjer det lett å henge med, utan at det nokon gong blir tungt eller for seriøst.
Samanlikninga med Everybody Hates Chris er naturleg, men Young Rock har meir driv og sjarm, og gjer betre bruk av den offentlege figuren Dwayne Johnson har blitt. Det er ikkje djupt eller utfordrande, men det treng det heller ikkje vere. Det er underhaldning med hjartevarme og god flyt, akkurat passe for den som vil ha noko lett og triveleg.
Hjartevarmen får òg Esta Rosevear til å smile på Spoiler Free Reviews (spoilerfreereviews.com). Ho likar at serien viser feil og nederlag i oppveksten, og at familien og brytarane rundt Dwayne Johnson gir han støtte gjennom dei vanskelege tidene. Det er noko av sjarmen her. Bak den store offentlege figuren får serien fram eit lett og hyggeleg bilete av menneska som var med på å forme han.
