Hopp til hovedinnhold
Plakat for Another Woman (1988)

Another Woman

Film
4

Ei kvinne i femtiåra hamnar i midtlivskrise og opplever at det meste rundt ho raknar eller forandrar seg. Another Woman er som den to år seinare filmen Alice ein film om ei kvinne i ein fase av livet der situasjonen er trudd å vere stabil, men ting er langt i frå å vere på plass. Mens Another Woman er meir drama prøver Alice å gi ei humoristisk vinkling, men dei er enda tematisk like.

I rolla som Marion Post har me Gena Rowlands, Marion skal skrive ei bok og leiger kontor til dette formålet ettersom byggearbeid forstyrrar ho i heimen. Frå det nye kontoret høyrer ho kva pasientane seier til psykologen i naborommet. Ho blir sogen inn i historia til ei gravid kvinne spelt av Mia Farrow. Det skjer på eit psykologisk plan. Filmen går ikkje i den fantasiprega retninga Woody Allen også kan ta. Ved sidan av dette følger me Marion gjennom ein tøffare periode i privatlivet der fleire ting vil gå opp for henne.

Det skal ikkje vere noko tvil om at eg føretrekk denne måten frå Woody Allen å lage film på framfor kva Alice er blitt med sin fantasi. I filmografien hans fører denne seg inn blant Interiors og September i å fortelje om kvinner med problematiske liv, utan at den omhandlar psykiske problem. Det er nok ikkje den ultimate Woody Allen-filmen, i blant kjennest han litt for lang og langsam, men sluttvurderinga hellar i positiv retning og du sit igjen med vitskap om at denne filmen har formidla noko av meining.

Sjølvgranskinga blir det sterke ved filmen på MovieMoses’s Blog (moviemoses.wordpress.com). Der får manuset skryt for at minna opnar forteljinga og gir meir rom enn vanlege samtalar, medan Gena Rowlands held Marion både kontrollert og kraftfull. Det utdjupar kvifor denne alvorlege sida av Woody Allen fungerer for meg. Når fortida endrar tyding, blir krisa noko meir enn ei rekke nye problem som dukkar opp i eit tilsynelatande ordna liv.