
Birds of America
Birds of America er det andre forsøket til filmskapar Craig Lucas som regissør. I motsetning til The Dying Gaul frå 2005 har han her overlate manuset til ei relativt ukjent Elyse Friedman og konsentrert seg om regisseringa.
I hovudrolla som Morrie, den eldste i ein søskenflokk på tre, har me Matthew Perry. Under ein streit introduksjon med forteljarstemme av Matthew Perry får me fortalt historia. Nyleg ferdig med skulen får han ansvaret for to yngre søsken når faren tar sjølvmord og mora forsvinn. Når me spolar fram i tid, har det gått vel 20 år. Morrie er etablert, men søskena er prega av mangelen på gode foreldre. Til ei viss grad er dei avhengige av han som eit stabilt midtpunkt når livet går skeis.
Fleire solide skodespelarar prega rollebesetninga i tillegg til Matthew Perry, som etter rolla som Chandler Bing i Friends i større grad har gått inn for å gjere seriøse roller i filmar nærare drama. Ved å sjå på dei mindre kjente filmrollene hans kan eg ane at Matthew Perry går for å spele på talentet i å halde ei seriøs maske. Denne gjentar han i Birds of America der han ofte har ein hårfin balanse på kanten til det komiske han gjer ved å spele på sin eigen komiske person.
Ved sidan av Matthew Perry har me Ben Foster i ei strålande tolking av den forstyrra yngre broren. Ben Foster viser som han har vist så godt før i Six Feet Under at han verkeleg kan spele halvt gal med mørk personlegdom. Forutan desse har me Ginnifer Goodwin i ei av hennar mest seriøse roller hittil og Hilary Swank som ganske glatt nabo. Og Lauren Graham som den tilsynelatande tålmodige, men også litt kjedelege kona til Morrie.
Å samle handling og tema i ei enkel oppsummering let seg nok ikkje gjere. Her sklir me over i mange ulike problem knytte til både familie og individ. Familien til Morrie er sentral, men eg vågar ikkje å kalle dette berre eit familiedrama. Det er heller ikkje ein film utelukkande om depresjon eller økonomisk tryggleik.
Tittelen kan ha ei meining forutan boka Birds of America tileigna den avlidne faren i familien. Som resten av filmen gir han noko å gripe tak i. Det skal ikkje overraske meg om alle småtinga som er samla så godt her, vil gjere filmen meir kjend i tida framover. Dei kjende skodespelarnamna kan også hjelpe til. Han kan få ei liknande merksemd som Junebug og The Squid and the Whale.
Til trass for mykje godsnakk frå denne kanten klarer eg ikkje å ta dette inn over meg som ei sterk filmoppleving, noko som gjer at han slepp unna dei høgste karakterane på min private skala. Eg synest derimot det var ein god film og kan gjerne anbefale han vidare på grunnlag av både gode prestasjonar frå Ben Foster og Matthew Perry, samt ei fin, dramatisk og litt morosam historie.
Samspelet mellom søskena blir også avgjerande for Andrew Wickliffe på The Stop Button (thestopbutton.com). Han meiner filmen først finn forma når Ben Foster og Ginnifer Goodwin kjem inn, og at trioen med Matthew Perry løftar han over ein svak start. Det ligg nær min eigen dom. Prestasjonane og relasjonane gir mykje å like, sjølv om det ikkje automatisk blir ei stor filmoppleving av å samle så mykje godt i ein liten film.
