
Control
Eg har aldri sett på meg sjølv som eit Joy Division-fan, ikkje rart når eg aldri har høyrt særleg mykje av bandet, med andre ord har eg aldri mislikt Joy Division. Eit viktig poeng i samband med filmopplevinga min.
Tidlegare i haust tok eg meg tid til å lytte gjennom albuma deira. Eg fann ut at det slett ikkje var så dum musikk. Hadde eg gitt meg endå meir tid, kunne eg nok ha blitt godt glad i Joy Division. Men det er ei anna sak. Meininga var å få ein idé om kva musikk dette var, før eg skulle sjå Control.
I ettertid ser eg på det som lite viktig å ha eit forhold til Joy Division før du ser Control, sjølv om det er både kjekt å kunne sette ekstra pris på filmmusikken og vere ekstra svolten på privatlivet til Ian Curtis. For Control handlar i all hovudsak om vokalisten som person, utan å gå innpå historia til bandet i detalj. Control skildrar livet hans over ein femårsperiode eller så utan å ty til romantiseringa me så ofte får i musikkbiografiar, eg tenker i hovudsak på Ray og Walk the Line, som begge likevel er strålande filmar.
Control er gjennomført i svart-kvitt, som ikkje kunne ha passa betre. Det går i eit med humøret og legg ein fin dempar på det faktum at Joy Division faktisk gjer det stadig betre som band utover.
Det visuelle uttrykket får også mykje ros på Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com). Fred Ut ser filmen nærmast som eit fotografi av Anton Corbijn sett i rørsle, og trekker fram humoren og musikken som andre styrkar. Det legg noko til mitt eige inntrykk av den dempa tonen. Bileta gir historia ei tydeleg stemning, samtidig som filmen har plass til meir enn berre det mørke i livet han skildrar.
Både møte med regissør Anton Corbijn og skodespelar Sam Riley som Ian Curtis var mitt første. Gjerne når eg rører meg innpå nye namn i filmverda er det eg opplever dei største overraskingane, utan forventningar eller tvil i forkant. Samtidig er det så mykje lettare å godta ukjente skodespelarar i rollene sine.
Control blei ekstra god då eg kom inn i rett modus ganske tidleg og slutta å tenke på det som ein film, då eg hadde klart å nullstille meg i forkant. Og det at folk fall på plass ganske fort utan at eg blei sittande å tenke på andre ting. Eg har ein tendens til å la kjente ansikt sette fart på koplinga til andre filmar.
Filmen prøver aldri å forklare kvifor ting skjer, eller korleis Ian Curtis tenker. Me får observere han og trekke våre eigne slutningar gjennom god, gammaldags fundering. Ingenting blir stadfesta. Det gjer dette til ei god filmoppleving som kan trekkast fram blant musikkbiografiar. Naturlegvis finst det handling som kan gi ei svært enkel forklaring på saker og ting, men det ligg ein mørkare natur i sinnet til Ian Curtis som får dette til å framstå som ein generelt meir interessant film enn berre ei reise frå undergrunn til popularitet.
Dette var mi fundering rundt filmen, som om det var noko tvil om. Eg synest han var god!
