Hopp til hovedinnhold
Plakat for Giant (1956)

Giant

Film
4

Dette er mest Elizabeth Taylor og Rock Hudson sin film, med også James Dean får sin del av den 3 timer og 20 minuttar lange kaka.

Bli med til Texas i byrjinga av den svarte gullalderen og opplev eit livslangt ekteskap og ein vegen til rikdom for ein ung mann. Det er snakk om to sider her, ekteskapet mellom karakterane til Elizabeth Taylor og Rock Hudson, og den litt ville utsidaren spela av James Dean på den andre sida.

Filmen går seg godt til i lengda, som er ei krevjande påkjenning for sofamusklane. Men så er det igjen den type film du forventar at skal vere lang, stor, påkosta, og det går seg godt til. Du blir trekt inn i handlinga og blir godt kjent med karakterane og omgivnadene.

For å ta James Dean for seg, ettersom innlegget her skulle handle mest om han, så hamnar han litt i skuggen med tanke på tida har er til stades i filmen. Ganske naturleg med tanke på hovudhistoria til filmen. Men med storarta skodespel skulle eg gjerne sett meir til han.

Elizabeth Taylor og Rock Hudson får også stor plass i vurderinga på Ladylavinia1932’s Blog (ladylavinia1932.wordpress.com). Skribenten meiner Elizabeth Taylor er hjartet i filmen og rosar særleg Rock Hudson som den aldrande familiefaren. James Dean får òg ros, men det travle kroppsspråket hans i første del blir opplevd som forstyrrande. Der er eg mindre atterhalden. Eg skulle gjerne sett meir av han, sjølv om filmen har mykje anna å fylle tida med.

Har du tid så ser du denne filmen. Han er ikkje heilt oppe ved sidan av East of Eden i kor god han er, men han er hakket betre enn Rebel Without a Cause.