Hopp til hovedinnhold
Plakat for Green Lantern: Emerald Knights (2011)

Green Lantern: Emerald Knights

Film
3

Den andre Green Lantern-filmen i DC Universe Animated Original Movies-serien, om du ser bort frå Justice League-installasjonane, er historiene om dei grønkledde kollegaene til green lantern Hal.

Hal er ein av fleire green lantern-ar, og han me har følgt tidlegare i filmserien: Justice League: The New Frontier, Green Lantern: First Flight og Justice League: Crisis on Two Earths. I Green Lantern: Emerald Knights blir me fortalt bakhistoria til andre grønne ringberarar, mellom anna Kilowog, Abin Sur og Mogo. Historiene bygg opp til ein kamp på slutten, der me får sjå alle delta i lag.

Sånn sett er Green Lantern: Emerald Knights som ei samling kortfilmar sydd i hop med ei større historie. Bakhistoriene er passe spennande og fungerer godt når du veit at dei bygg opp før hovudhistoria. Men i det store og heile er ikkje hovudhistoria spesielt spennande, og er heller ikkje gitt mykje skjermtid før på slutten.

John Pariah på Creative Commons – Pop Cultures Worst Nightmare (johnpariah.wordpress.com) meiner sidehistoriene gir ein god kombinasjon av variasjon og jamn framdrift. Han set også pris på at dei opnar universet for folk som ikkje kjenner alle figurane frå før. Det er ein styrke ved denne forma. Eg skulle berre ønske at møtet mellom historiene til slutt gav like mykje spenning som forventinga om det.

Me blir fortalt om ei vanskeleg utfordring i Arisia Rrab si bakhistorie og får humoren i Mogo si, og med dei andre folka i tillegg blir dette akkurat passe variert til å halde fram til slutten. Som vanleg må me òg tåle store doser eksplosjonar, flammar og røyk.

Green Lantern: Emerald Knights ligg på eit forventa nivå med litt gøy, spenning og fint tempo. Men han når ikkje opp til dei beste i filmserien eller forgjengaren Green Lantern: First Flight.