
Just Friends
Eg gir meg aldri med romantiske komediar, likevel om dei sjeldan lev opp til forventingane mine etter å ha sett filmtrailerane. Just Friends er ingen unntak, det er ein gjennomsnittleg film som så mange andre i sjangeren.
Just Friends er litt morosam innimellom og har eit par sjarmerande karakterar. Men han fell for fort i opptrakka spor og skapar aldri interesse for sjølve historia. Han endar midt på treet som ein litt kjedeleg, men heilt grei søndagsfilm.
Ryan Reynolds klarar ikkje å vaske av seg slimet og veks ikkje nok i løpet av filmen. Vanlegvis er Ryan Reynolds ein grei skodespelar. Blant anna som Berg i Two Guys and a Girl er han ganske kul. Amy Smart er den kjedelege kjærleiksinteressa han går etter.
Det er små glimt av ein usympatisk Chris Klein og ei sprø Anna Faris som livar dette opp og skapar dei minneverdige augneblinkane til filmen. Den gale popsongarinna Samantha James, musikken, slutten, slåsting, alt!
Lyspunkta blir òg framheva av Mark Pfeiffer på Reel Times (reeltimes.blogspot.com). Han rosar den hemningslause Anna Faris og meiner Chris Klein tilfører fleire gode latterar, men finn mykje gjentaking i situasjonane. Der er me ganske nær kvarandre. Eg er mindre nøgd med Ryan Reynolds, som Mark Pfeiffer meiner får vist ei mjukare side her. Det hjelper lite med einskilde morosame innslag når sjølve kjærleikshistoria aldri blir særleg interessant.
Ryan Reynolds klarar seg fint i Harold & Kumar Go to White Castle og i National Lampoon's Van Wilder. Men at han takka ja til denne rolla må vere utelukkande for pengane.
Kva som fekk meg til å sjå filmen bortsett frå ein morosam filmtrailer? Skodespelarane og det stadige håpet om å komme over noko betre. Men denne filmen er som mange andre full av klisjear frå ein ende til annan.
