Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sling Blade (1996)

Sling Blade

Film
4

Billy Bob Thornton er ikkje til å kjenne igjen som Karl Childers. Han spelar ein mentalt tilbakeståande mann som endeleg blir sett fri etter å ha vore innesperra på eit sjukehus store delar av livet. Som barn drap han mora si og elskaren hennar.

Den Karl me møter er nok meir opplyst enn han kanskje gir uttrykk for, men likevel ikkje nok til å forstå alvoret bak kvar og ei handling. Likevel er det først og fremst det beste for personane rundt han, av dei som han bryr seg om, som er det viktigaste for han.

Når eg seier at Billy Bob Thornton ikkje er til å kjenne igjen, kjem det først og fremst av filmane eg har friskast i minnet. Det er Bad Santa og Bad News Bears. Der ser han svært annleis ut. Oppførselen ligg òg under menneskeleg nivå, men i den andre enden av skalaen. Ikkje som smart, men ikkje fullstendig oppegåande på sjølvpåført måte. Det betyr ikkje at han spelar dårleg, langt derifrå, dette er ein knall film med ei god hovudrolle. No veit eg ikkje kor vanskeleg det er å spele overbevisande tilbakeståande, men han gjer det iallfall bra.

Kevin Bechaz på Cinematic Randomness (cinematicrandomness.blogspot.com) rosar også den fysiske forvandlinga til Billy Bob Thornton, men legg like mykje vekt på kor tydeleg Karl strevar med å finne seg til rette. Han meiner vennskapet med Frank gir denne framstillinga mykje av krafta si. Det utdjupar kvifor hovudrolla fungerer så godt. Det spesielle uttrykket er ikkje berre ei oppvising i å vere ugjenkjenneleg, men ein veg inn til eit menneske og forholdet hans til andre.