
Topp 5: Julefilmar på arbeidsplassen
Handlinga i julefilmar kan finne stad overalt. I slott, på vingarden, på Nordpolen og heime for å nemne nokon. Og på arbeidsplassen, som filmane i denne lista.
Eg har samla filmar som i større og mindre grad legg handlinga si til arbeidsplassen. Det kan vere heimekontoret, butikken, kona sin arbeidsplass, julenissens verkstad eller på eit vanleg kontor.

Det kan nesten ikkje bli meir julete enn i Last Christmas, kor me følgjer Kate som jobbar i ein juleforretning.

Midnight at the Magnolia er ein lågbudsjettsfilm med sjarm, og ei handling lagt til ein radiostasjon.

I Elf følgjer me den unormalt store alven Buddy som reiser frå Nordpolen til New York for å finne sin biologiske far.

Trading Places er ein kroppsbytefilm kor ein godt utdanna mann i eit firma byter plass med ein småkriminell kar.

Bridget Jones er litt som Irirs i The Holiday, ei kvinne med eit usunt forhold til ein mannleg kollega. I Bridget Jones's Diary følgjer me ho i byte av jobb, samt mange andre artige situasjonar.
