Hopp til hovedinnhold
Omslag for Topp 5: Zombiefilmar

Topp 5: Zombiefilmar

The Walking Dead kom tilbake på skjermen i USA den 16. oktober 2011. I anledning sesongpremieren for andre runde har eg sett saman ei liste med zombiefilmar.

Ei veke mellom kvar episode er litt for lenge Å gå utan nye døde på skjermen. Zombiefilm er så mangt. Komedie, splatter, voodoo, satire, samfunnskritikk, skrekk og så vidare. Blant dei mange titlane som finst er ein del som er bra og dessverre mykje som er mindre bra. Formålet med dette innlegget var å hente fram filmar som er verdt å sjå. Eg har prioritert mangfald og unngår å rangere filmane denne gangen.