Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Secret Circle (2011)

The Secret Circle

Serie
3

Cassie (Britt Robertson) opplever eit tragisk dødsfall i familien og flyttar til Chance Harbor for å bu med bestemora. Ho oppdagar snart at ho har overnaturlege krefter, og møter andre ungdommar som seg sjølv. I lag så dannar dei ei gruppe.

Serien gjekk ein sesong på The CW, men sjåartalet gjekk nedover, og serien blei avlyst.

Bak The Secret Circle står blant anna Kevin Williams som produsent. Han er ein mann med tilknyting til både Dawson's Creek og Scream-filmane. The Secret Circle er ei blanding av desse to sjangrane, og Britt Robertson spelte forresten i Scream 4.

Sjølv med nokon opne trådar på slutten, med tanke på ein eventuelt ny sesong, er første og einaste sesong av serien samanhengande og avsluttande nok til å ha eigenverdi.

John Keegan på SciFi Vision (scifivision.com) er langt meir kritisk til sesonghistoria, men meiner siste episode samlar nok trådar til å fungere som ei avslutning på heile serien. Han finn eit betre punkt å stoppe på enn han hadde venta. Det passar med kvifor eg synest denne eine sesongen har eigenverdi. Det står framleis dører opne, men ikkje så mange at alt eg har følgt med på kjennest bortkasta.

Serien oppnår ikkje å komme nok under huda på karakterane, slik som Dawson's Creek. Det manglar også eit skikkeleg særpreg, ein ting som blir det eigne for serien og til å kjenne han att på.

På ein skala ligg serien over gjennomsnittet. Det er stort sett artig å følge med på, fordi den raude tråden er interessant. Det er få episodar som berre skal fylle tida. Det vesle ekstra manglar nok, og eg blir aldri fullstendig hekta. Men eg kosa meg.